Musikk
Vi Ken
Ken e du, og det er eg òg. Ken the EP byr på versjonar av «I’m Just Ken» for alle livssituasjonar.
Lydsporet til Barbie-filmen er noko for seg sjølv. Billie Eilish-songen «What Was I Made For» blei nyleg tildelt ein Golden Globe, og det er på sin plass at både denne songen, Dua Lipas «Dance The Night» og Ryan Goslings «I’m Just Ken» er Oscar-nominerte. Underteikna er like stor fan av Dua Lipa som nokon kvar, men det var som fanken – Ken har gitt ut ein heil EP.
Ken The EP er ei samling av forskjellige variasjonar over låten «I’m Just Ken» og kom ut like før jul, men som pianisten påpeiker i musikkvideoen til julesongversjonen «I’m Just Ken (Merry Kristmas Barbie)», produsert av Can Do Films Inc., hender det at ein ser tradisjonelle julefilmar som Die Hard fleire gonger i året. Uansett har Ken The EP meir å by på enn berre bjølleklang.
Her finst ein «I’m Just Ken» for nærast alle høve. «Merry Kristmas Barbie», med sitt forvitnelege kammerpoparrangement og framifrå «call-and-response»-samspel mellom trommevirvlar og kassegitartriller, er det berre å lagre i julespelelista med ein einaste gong. Soft-rock-versjonen «In My Feelings Acoustic» manar fram den såre desperasjonen ein kan oppleve i einsemd. «Purple Disco Machine Remix» er ein dramatisk discoremix. Til sist kjem originalversjonen, som tar lyttaren med på ei mektig Queen-aktig progressiv kunstrockreise.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.