Film
Vicky + Viggo
Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.
Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.
Foto: Ymer Media
Til verdens ende opnar med slutten. Vivienne (Krieps) trekker sitt siste sukk. Ein kar skyt og drep seks menneske. Holger (Mortensen) gravlegg Vivienne. Menn med makt og pengar dømmer feil mann for drapa. Holger rir ut med sonen på fanget. Spol tilbake.
Vi møter no fransk-kanadiske Vivienne som blir masa hòl i hovudet på av ein snobb, før ho får auge på ein barsk, venleg danske i San Francisco på 1860-talet. Straks bur dei avsides i Nevada. Dei har det godt saman. Men ein lokal dritsekk vi veit er ein framtidig drapsmann, lagar kvalm. Så fer Holger i krigen for å kjempe mot slaveri.
Romansen
Til verdens ende er eit romantisk drama forkledd som western. Vi får dvele ved eit sunt forhold og blømande kjærleik. Nokre klipp tilbake til barndommen viser at Vivienne alltid har vore eigenrådig, fri og fascinert av Jeanne d’Arc. Ho gjer som ho vil.
Vicky Krieps er perfekt for rolla. Ho har et solid register og verkar naturleg i sterke og svake stunder. Den luxemburgske stjerna har imponert i eit vell av filmar dei siste åra, til dømes i Phantom Thread, Corsage og Hélène & Mathieu.
Viggo Mortensen er kanskje ikkje Guds gåve til skodespelet, men han har sin røffe sjarm og eit venleg smil. At han var tøff til hest, lærte alle i Ringenes herre-trilogien. Han var uvanleg vanleg i regidebuten Falling. No er han ein rettvis og hardtarbeidande kar av få ord. Dynamikken mellom Mortensen og Krieps rimar, medan bonderomantikken er for god til å vere sann.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.