Musikk
Vidløftig
I orkesterverket Tanken grip Hjalmar Borgstrøm til både ambolt og sirene.
Utsnitt av «Getsemane», måla av Nikolai Astrup (1880–1928).
Foto: KODE
Det er i år 150 år sidan Hjalmar Borgstrøm kom til verda i Oslo. Denne grannsame komponisten og musikkskribenten var ein frisk pust i det nasjonalromantisk prega norske musikklivet då han etter hundreårsskiftet vende attende etter nærare 20 år i Tyskland. I hovudstaden forfekta han nye kontinentale straumdrag, særleg den såkalla programmusikken, der utanommusikalske fenomen som natur, kjenslemessige tilstandar, konkrete handlingar og gjenstandar blir skildra.
I sentrum for merksemda hans stod symfoniske dikt, som er reint instrumentale orkesterverk der ein tekst ligg til grunn. To av sorten – Jesus i Gethsemane frå 1904 og Tanken frå 1916 – er no spelte inn av Trondheim Symfoniorkester med dirigenten Eivind Aadland. Saman realiserer dei Borgstrøms massive og til tider smått patetiske partitur med truverd og teknisk overskot.
Angstmotiv
Komposisjonane syner høg instrumenteringskunst, for Borgstrøm visste å utnytta den særeigne uttrykkskapasiteten til dei ulike orkesterinstrumenta, og som verktitlane tilseier, skydde han ikkje dei verkeleg store temaa.
Jesus i Gethsemane skildrar berre delvis den ytre handlinga, som er Jesu opphald i Getsemane fram til han blei ført bort av soldatane. Meir fokus tykkjest det vera på Jesu indre kamp. I opninga, som har eit musikalsk «angstmotiv» i form av ei fallande rekkje dissonerande, sterkt kromatiske tonar i fiolinane, høyrer me kor sterkt musikkspråket hans var prega av Richard Wagner og Richard Strauss. Særleg «straussk» – og ikkje lite søtlåten – er andresatsen «Adagio», der fiolinsoloen blir akkompagnert av bølgjande harpeakkordar.
Feststemd koral
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.