Teater
Vildanden er ein kunstnarleg triumf for regissør og skodespelarar.
Yvonne Øyen som Gina, Kåre Conradi som Hjalmar Ekdal og Hermine Svortevik Oen som Hedvig på Den Nationale Scene.
Foto: Den Nationale Scene
Vi trur vi kjenner Ibsen-klassikarane ut og inn, i dette tilfellet Vildanden – som hadde urpremiere på Den Nationale Scene i januar 1885. Men så får vi ei tolking så reinskoren og fri for forstyrrande element at stykket står føre oss som lysande nytt og ikkje 140 år gammalt. Og Alan Lucien Øyen, som etter ein karriere som dansar har vigd seg stadig meir til teateret, har ikkje late seg freiste til å hente fram billege regitriks og tåpelege påfunn, men lèt oss møte Vildanden slik Ibsen skreiv stykket – berre i det eg torer kalle ein forfina versjon.
Teksten er sjølvsagt korta ned og overflødige personar utelatne, men alt det vesentlege er med. Og sjeldan har eg sett komikken i stykket komme betre til sin rett enn her. Som regiarbeid er dette framifrå.
Eit topplag
Med seg har han også eit topplag av skodespelarar, frå Kåre Conradi som Hjalmar Ekdal via Bjørn Skagestad som gamle Ekdal til 17-åringen Hermine Svortevik Oen som 14 år gamle Hedvig. Denne produksjonen er eit samarbeid mellom Det norske Ibsen-kompaniet, Den Nationale Scene og The Coronet Theatre i London, der stykket hadde fleire framsyningar – på norsk og med om lag dei same skodespelarane – sist haust.
Tematikken i stykket er dessverre evig aktuell, men får ein ironisk – om enn neppe intendert – aktualitet når løgnhalsen Donald Trump nett no skal takast i eid som president i USA. Det handlar om at sanninga skal frigjere. Men gjer ho alltid det? Og er idealismen utelukkande ei positiv kraft? Vildanden er så å seie ein ny runde med problematikken frå idédiktet Brand, om den himmelstrevande fundamentalisten av ein prest og hans ideale fordring.
Nerve og intensitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.