Musikk
Virtuos obo
To innspelingar med musikk frå reisedagbøkene til Dreyer-brørne.
Markusplassen i Venezia, måla av Giovanni Antonio Canal (1697–1768), kalla «Canaletto».
Domenico Maria Dreyer (1701–1735) var eit nytt namn
for meg. Han voks opp med tysk far i Firenze, og hadde ein yngre bror, Giovanni
Filippo Maria Dreyer, som var kastrert, noko som gjorde at han aldri kom i
stemmeskiftet og song sopran livet ut.
Hoffkapell og operahus over heile Europa betalte
store summar for kastratar i kyrkje- og operamusikken, litt som dei store
fotballklubbane handlar med stjernespelarar i dag. Dreyer junior gjorde det då
òg godt som operasongar og -impresario, både i Tyskland, i sentraleuropeiske
byar, og så langt unna som Russland. Med seg på reisene hadde han alltid
storebroren Domenico Maria, som var oboist.
Ved tsarhoffet
Operametropolen Venezia var dåtidas største
marknadsplass for kastratar. Dit blei Domenico Maria Dreyer send på oppdrag av den
russiske tsaren for å finna gåverike kastratsongarar til hoffet i St.
Petersburg. Dreyer-brørne var tilsette ved tsarhoffet i åra kring 1730, og det
var der eldstebroren brått døydde «på grunn av ei ulukkeleg hending» i 1735, 34
år gammal. Kastratbroren vende då straks attende til heimbyen og gjekk i
kloster.
Ingen hadde vel høyrt gjete Domenico Maria Dreyer om
det ikkje var for manuskriptet som for nokre år sidan blei oppdaga i
Nasjonalbiblioteket i Paris, Sonate da Camera à Oboè solo. Det inneheld
seks obosonatar av Dreyer, som er uvanleg virtuose for si tid. I tillegg finst
der to blokkfløytesonatar etter han.
Obo versus fløyte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.