Bok

Visdomen til alderdomen

«Klokka ringer for deg», skreiv John Donne. Dikta til Åsmund Bjørnstad kimar òg.

Publisert Sist oppdatert

Den kjende utsegna «Klokka ringer for deg» – eller «For Whom the Bell Tolls», som det heiter på engelsk – skriv seg frå den engelske barokkdiktaren John Donne. I teksten heiter det «Eit menneske er inga øy, sitt eige heile; kvar er ein bit av eit kontinent, del av fastlandet». Når Donne høyrer kyrkjeklokka ringje for ein manns eller kvinnes gravferd, bed diktaren difor ikkje om namnet på vedkomande – det ringjer òg for deg, for alle høyrer saman som ein «del av fastlandet», og alle skal vi døy.

Eg refererer til John Donne, for Åsmund Bjørnstad, som er aktuell med ei ny diktsamling, Konfirmasjon til alderdomen, har tidlegare gjeve ut ei meisterleg attdikting av Donnes dikt, og han viser òg til denne teksten i den nyaste samlinga. Bjørnstad gjev oss same bodskapen i Konfirmasjon til alderdomen. Diktaren har sjølv opplevd alderdom og medvit om dauden på kroppen, han har opplevd «alderdomssjokket», som han skriv, og samtidig funne ut at samfunnet ikkje har ein eigen rite til dette sjokket – altså ei offentleg markering liksom konfirmasjonen for ungdom.

Kva gjer ein då? Jau, ein skriv dikt om denne overgangen, konfirmasjonsdikt for alderdomen. Og i desse dikta er bodskapen frå John Donne med: Overgangen til alderdomen gjeld alle. Ikkje berre i det at alle blir gamle, med at ein alderdom påverkar alt og alle kring deg. Bjørnstad skriv både humoristisk og alvorleg om emnet.

Gamle held det heile

Det gjeld borna dine – som det kjem fram av «Tale for konfirmanten. (Sonen til den heimfarande faderen)». Sonen skriv til den tilårskomne: «Måtte du alltid dele med alle aldrar/ av dine års rike kjelde». Det gjeld tinga kring deg, som det kjem fram av «Tinga»: «Kva ting eg/ treng? Slepp alt/ som ikkje lenger har kroppstemperatur».

Alderdomen gjer ein var for menneskeleg samvær – og det åndelege. Det blir utdjupa i andre dikt, som i «Gamle Mor», om ei mor i Iran som skrid fram «med eit hoff av barneborn», og som er den store rådgjevaren i storfamilien: «Alt viktig blir lagt fram for henne./ Giftarmål, yrkesval, mannfolkas bilkjøp». Det same temaet, og samtidig bodskapen frå Donne, er òg framme i «Dei gamle», eit av dei beste dikta i boka. Der viser diktaren korleis alt i skogen er avhengig av dei eldste og lengste trea: «Utan dei: kratt, alles kamp, granplantinganes nålematter./ Det er dei gamle som/ held det heile».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement