Kunst

Visuell ekstase?

Biennalen Meta.Morf – [up]Loaded Bodies har eit brennaktuelt konsept. Men lovar kuratorane meir enn dei klarer å innfri?

«Turing Gaia: Entering Thermodome» (2024) av Martinus Suijkerbuijk med Øystein Fjeldbo. Vist ved K.U.K.
«Turing Gaia: Entering Thermodome» (2024) av Martinus Suijkerbuijk med Øystein Fjeldbo. Vist ved K.U.K.
Publisert Sist oppdatert

I år vert Trondheim internasjonale biennale for kunst og teknologi vist for åttande gong. Det er eit samarbeid mellom TEKS – Trondheim Elektroniske Kunstsenter og V2 i Nederland. Dette er den største biennalen av sitt slag i Skandinavia, og i år er biennalen større enn nokosinne og skal endåtil visast i Rotterdam til hausten.

I tillegg til utstillingar består biennalen av konferansar, foredrag og ulike former for happeningar. Evenementet trekker interesserte frå inn- og utland. Her vil eg berre sjå på dei tre hovudutstillingane, som vert viste i Trondheim sentrum.

Teksttungt

Dette er teksttunge utstillingar, og tekstane kan vere litt vel vidløftige. Det er nesten så dei smakar av ChatGPT. Her kunne eg nemnt svært mange eksempel, men nøyer meg med starten på introteksten til kuratorane: «[up]Loaded Bodies-utstillingene under Meta.Morf 2024 presenterer kunstnere som utforsker den teknologiske kroppen fanget mellom virtuell ekstase og digitalt overkonsum. De utvalgte kunstverkene reflekterer over kompleksitet ved identitet, kroppslighet og erfaring i den digitale æraen, og tilbyr et spekter av perspektiver som strekker seg fra det håpefulle til det kritiske.»

Her spenner kuratorane bogen vel høgt når det gjeld verka som vert presenterte. Om det i hele finst verk som lever opp til slike vyar, kan også diskuterast.

Dei fleste arbeida handlar om identitet, ei utforsking av det vil seie å vere eit menneske i ei tid der kropp og sinn i aukande grad smeltar inn i teknologiske nyvinningar. Og svara dei gir, kan vere ganske harske, som i den nye filmen til Tim Høibjerg, der personane må ofre hud og kjøt for å tilpasse seg eit teknologisk tilvære. Kva vert då att av mennesket i denne prosessen? Har dei tatt steget over i eit gudeliknande tilvære, eller har dei blitt tomme, mekaniske skal?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement