Film

Von for verstingar

Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.

Mina Hadjian saman med Rune.
Mina Hadjian saman med Rune.
Publisert

Den rappkjefta og alt anna enn konfliktsky Mina Hadjian fekk fyken frå NRK P3 trass i stor suksess. Nokre år seinare byrja ho å lage Røverradion. Denne nye sjansen hennar handlar om å gje folk i fengsel ein ny sjanse.

Det prisvinnande programmet er grådig populært. No inspirerer Mina og røvarane hennar liknande prosjekt internasjonalt. Dokumentarfilmskaparen Kari Anne Moe har følgt Mina og tre av skurkane og hyllar prosjektet med denne kinodokumentaren.

Røff guide

Moe er ikkje redd for å kome tett på tvilsame typar. I den førre dokumentarfilmen hennar, Pøbler, frå 2015, møtte vi ungdom som fort kan stå i fare for å hamne på skråplanet, slik røvarane i den kinoaktuelle Mina og røverne har gjort. Ein veit aldri heilt kor ferda går som dokumentarist. Den fyrste langfilmen til Moe var Til ungdommen, eit portrett av ungdomspolitikarar som tok ei tragisk vending då terroren ramma AUF før filmen blei ferdig i 2012.

Mina er ein tøffing. Den ruskete stilen passar fint for «laushundane», som Rune kallar slike som han sjølv. Ho er eit førebilete, men måtte finne sin eigen veg for å få det til. Filmskaparane held det òg røft.

Dei er midt i dramaet, med fokus på tilgang og observasjon. Formidlinga av den medvitne regien på radioprogramma minner om at dokumentarsjangeren òg er driven av klar regi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement