Teater
Wicked – merkeleg dagsaktuelt
Eit sterkt ensemble og gode røyster lyftar ein ujamn tekst.
Alexandra Rotan og Sanne Kvitnes spelar høvesvis Glinda og Elphaba.
Foto: Fredrik Arff / Scenekvelder
Det er spart på lite i denne overdådige musikalen, som det av ukjende grunnar tok over tjue år å få opp på ei norsk scene – og som først kom då ein konkurrerande kinoversjon dukka opp. På Folketeateret har ein henta inn solide kunstnariske krefter i alle ledd og satsa på ein scenografi som syner kva det er råd å få til med datagrafikk.
Sjølve historia kunne med fordel ha vore forenkla litt, men ei musikalframsyning skal jo ta si tid. Handlinga er lagd til eventyrlandet Oz, og ho byggjer opp til tida før ein tornado fraktar ungjenta Dorothy dit. Tematikken er evig aktuell: venskap og konflikt, identitet og ulikskap, kampen mellom det gode og det vonde.
Mot alle odds blir den overflatiske, men varme og vakre Glinda og den langt på veg utstøytte og likevel idealistiske Elphaba besteveninner. Eigentleg er dei ikkje så ulike, men snart set lagnaden dei opp mot kvarandre, og dei blir reduserte til den gode mot den vonde. Dessverre gjer det framsyninga dagsaktuell. Då passar der òg at sparkinga av ein professor frå det lokale universitetet for å unngå mangfald, er som henta frå eit Trump-manus.
Styrken i teksten, og framsyninga, er at dei to hovudpersonane aldri blir eindimensjonale skikkelsar, men syner ulike sider av personlegdomen sin. Som Glinda er Alexandra Rotan varm og sjarmerande, men tryggare i songen enn i skodespelet. Sanne Kvitnes har full kontroll på både song og spel og står fram som den kraftfulle røysta i denne framsyninga. Samspelet mellom dei to fungerer godt. Alltid solide Siren Jørgensen gjer madam Morrible så manipulerande og farleg som rolla krev.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.