Bok

Yoga i bokform

Han Kangs Hvit er ein vakker meditasjon over liv og død.

Den sørkoreanske forfattaren Han Kang har fått fleire litterære prisar.
Den sørkoreanske forfattaren Han Kang har fått fleire litterære prisar.
Publisert Sist oppdatert

Då eg gjekk på folkehøgskule, på skrivelinje, fekk vi kvar månad ei oppgåve der vi skulle skrive ut ifrå eit einskilt ord. Den første oppgåva vi fekk var «sukker». Det var kjekt å sjå korleis orda opna seg, og kor ulike tekstane til elevane vart, kor forskjellige assosiasjonar vi fekk til orda.

Det er litt slik eg opplever Han Kangs Hvit; boka består av mange korte tekstar, alle med eigne kvite titlar, som «Måneformet riskake», «Tåke», «Brystmelk», og eget skriv at ho sette i gang skrivinga med å lage ei liste over ord som skildrar noko kvitt. Den aller første teksten handlar om å måle alt rundt seg kvitt, og Rolling Stones-låten «Paint it black» set seg fast i hovudet mitt. Det er jo ikkje det verste som kan skje. Litt verre er det med barnesongen «Se min kjole» som òg legg seg på hjernen etter kvart. Men heldigvis er ikkje boka berre ein fargeleik.

Sorgmeditasjon

Gjennombrotet til Han Kang – utanfor heimlandet Sør-Korea – kom i 2016, då ho fekk den internasjonale Man Booker-prisen for Vegetarianeren. Hvit vart nominert til same pris i 2018 og er den tredje boka av forfattaren som er gitt ut på norsk. Forventningane er store, sidan dei to føregåande romanane blir hylla av både kritikarar og lesarar.

Hvit er vel å merke ein anna type bok. Ho er litt utfordrande å plassere med tanke på sjanger: Ein kan kalle boka ein kortroman, ein sorgmeditasjon eller ei kortprosasamling. Handlinga går ikkje føre seg i Sør-Korea, slik ho gjer i dei to tidlegare bøkene, men i ein ikkje namngitt europeisk by som vi kan gjette oss til er Warszawa. Hovudpersonen er heller ikkje namngitt, men det er ikkje unaturleg å tenke at det er forfattaren sjølv.

Annleis sorg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement