Ytringsfridomen er ikkje kva han var
Denne utgreiinga er viktig, men tek ikkje fatt i dei strukturelle grunnane til sjølvsensuren mellom universitetsfolk.
Anine Kierulf har leidd arbeidet med utgreiinga om ytringsfridom i akademia.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Så dårleg står det til med den akademiske ytringsfridomen, at det trongst ei eiga offentleg utgreiing for å drøfte korleis han er liv laga. Det mest normale i verda har alltid vore at akademikarar kranglar. Kvifor er det alltid minst tre medlemer av ein sakkunnig komité? Jau, får ein tre akademikar i same fagfeltet til å verte samde om noko som helst, så er det kan hende ikkje eit mirakel, men god nok grunn til å lite på resultatet.
Utvalet meiner (som eg) at største faren for akademisk ytringsfridom er at universitetsfolk er vortne for varsame. For å bøte på denne tilstanden tek utgreiinga opp ei lang rekkje råd til forbetring av ytringskulturen. Men dei er vel mykje låste til den gamle motsetnaden mellom extra muros og intra muros, det ytre og det indre livet, når dei seier dette: «På et overordnet plan kan de ses som utfordringer ovenfra – fra de myndigheter og oppdragsgivere som finansierer og styrer, nedenfra – fra de breddeoffentligheter akademia på ulike måter virker i, innenfra – internt i akademia, fra og mellom ledelse, kollegaer og studenter, og utenfra – som påvirkning fra og samspill med det nasjonale, internasjonale og geopolitiske landskap akademia er en del av.»
Hald kjeft!
Utvalet har mest ikkje teke opp dei utfordringane nye samfunnsoppdrag reiser, ikkje minst ved at mange gamle høgskular for profesjonsutdanning no er universitet. Og at det i slike samanhengar er inviterte mange nye, dyktige utanlandske kollegaer inn som ikkje utan vidare er vane med norsk diskusjonskultur, som helst vil halde seg unna kontroversielle samfunnsdebattar for å få fred til å kvalifisere seg vidare. Slik no ungdommen òg vert opplærte til, ved dei nye doktorgradsopplegga: «Hald kjeft og skriv, bli ferdig i tide, og driv formidling når du får beskjed om det», er ei grei oppsummering av mange – ikkje alle – doktorgradsutdanningar.
Så har vi det nye samvirket med omverda, oppmuntra på alle nivå frå helse og lærarutdanning til klimaproblem og ny teknologi. Lat oss hypotetisk ta eit fagmiljø som i stor grad er knytt til oljeverksemda, ja, som er så samanvove med den at det kan stillast spørsmål om kvar grensene går; det er leigd inn hjelp utanfrå, ein avgir kandidatar til samarbeidspartnarar alt før dei er ferdig utdanna, og så bortetter. Dersom då eit anna fagmiljø ved same institusjon gir seg til å dokumentere ukultur eller gamle ulukker i oljeverksemda, kan det skape reaksjonar: Både eksterne og interne krefter rører på seg og vil helst forpurre dei nye initiativa frå «framande» fagmiljø.
Samrøre
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.