Utsyn frå Inderøy
Monarkar ved høg alder
Kong Harald har vore med oss i 85 år.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
I dei nordiske kongefamiliane vert folk gjerne gamle, og det er unntaket at kongar døyr før dei har nådd femtiårsgrensa. Kong Haakon vart 85 år, enda han var sjukleg dei siste åra, og for dronningane i Danmark er 100 år ikkje uvanleg.
Kong Frederik 9. hadde røykt dugeleg i årevis før helsa hans svikta eit stykke ut i sekstiåra, og mor til dronning Margrethe var av dei sterke, i likskap med slektningane sine i det svenske kongehuset. Etter hjarte- og kreftoperasjonar var det ingen grunn til å lita på at kong Harald skulle vera sikra eit liv på same lengd, men mot slutten av månaden rundar han 85 og konkurrerer – om det skulle vera det rette ordet – med kong Haakon.
Da den polske nobelprisvinnaren Lech Walesa skulle henta fredsprisen i Oslo i 1983, var det eit vonbrot for han at han ikkje fekk møta den norske monarken. Det hadde han sett fram til, sa han. For oss var det ei påminning om at symbolverdien ved kongedømet er noko meir enn staffasje og klipping av snorer; i utropet «Kongen er død – leve kongen!» ligg det noko mykje meir enn tomt seremoniell: Det er eit signal om stabilitet og kontinuitet: Statsordninga held fram.
Nikita Khrusjtsjov fann dei rette orda da han vart avsett i oktober 1964: Han slengde frå seg dokumentmappa si og sa: «Vel, så vart eg altså pensjonist. Og kanskje er det noko av det viktigaste eg har utretta, at det var mogleg å verta det.» Opp gjennom historia har pensjonsordninga for leiarar i Russland ikkje vore gode, men her kom eit eksempel som skulle få sin plass i historiebøkene.
Mindre enn eit halvdusin stortingsrepresentantar røystar for endring av statsforma ved den årlege voteringa i Stortinget. Det har eit sterkt preg av pliktøving, det beste argumentet for å halda fast ved noko så ulogisk og forelda som det arvelege kongedømet er at det fungerer og har gjort det sidan 1905 i denne omgangen. Om det for alvor skulle verta snakk om endring av statsforma, er det utenkjeleg at det skulle gå føre seg på anna enn fredeleg vis.
– Vi er her så lenge det er bruk for oss, er den formuleringa kong Harald tyr til, og ingen har innvendingar mot den vurderinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.