Utsyn frå Inderøy
Norsk atommakt
Frå opninga av Atominstituttet på Kjeller 28. november 1951. Frå venstre direktør Gunnar Randers, charge d´affaires Fisher Howe og førstesekretær Scott George ved USA-ambassaden, og doktor C. Høegh ved Noregs teknisk-naturvitskaplege forskingsråd.
Foto: NTB
For oss boknerdar er det til å leva med dersom bøker er for lange, berre dei er interessante, og Lars Borgersruds verk om det norske atomforskingsprogrammet etter krigen fyller begge dei to krava. 928 sider er mykje for dei fleste av oss, men boka fortel ei historie som er lite kjend, og så får lesaren springa over det som er mindre interessant.
Tanken på at Noreg skulle skaffa seg kjernefysiske våpen, og at det fanst norske ekspertar som arbeidde for det, vil verka nokså framand i dag, men det var norske politikarar som såg dette som ein farbar veg i nokre av etterkrigsåra, og historikaren Lars Borgersrud har, får ein seia, levert varene.
Gunnar Randers vert eit sentralt namn i denne grundige framstillinga, som tek oss attende til starten på både det amerikanske, det sovjetiske og det norske atomprogrammet. Mykje av dette materialet er tilgjengeleg i svært interessante arkiv no. Mykje ligg enno i låste og truleg atomsikra arkiv og ventar, får vi tru, på arkivarar. For dei som har appetitt på bandsterke verk, er det før den tid meir enn nok å ta fatt på, ikkje minst etter at store mengder materiale er frigjevne både i Russland, USA, Tyskland og Storbritannia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.