Alt på éin gong

Arcade Fire byr på kulturkritikk for internettets tidsalder.

Arcade Fire har fått gode tilbakemeldingar på sommarturneen.
Arcade Fire har fått gode tilbakemeldingar på sommarturneen.
Publisert

Det har vore sommaren til Arcade Fire. Ekstatiske konsertrapportar har tikka inn frå den eine europeiske festivalen etter den andre. Mellom slaga har bandet porsjonert ut små drypp frå Everything Now, som kom ut for ei veke sidan, i form av songar, videoar og ein straum av små og store påfunn. For fansen har kvar dag bringa noko nytt.

Samtidsdiagnostikk

Slik har det universet som er Everything Now utfalda seg gradvis, med lett attkjennelege signaturtrekk mange vil kjenne frå Funeral (2004), Neon Bible (2007), The Suburbs (2010), og Reflektor (2013), dei fire føregåande albuma frå ekteparet Win Butler og Régine Chassagne og gjengen dei omgir seg med, og då kanskje særleg kombinasjonen av allsongvenleg refreng og kulturkritisk kommentar.

To av låtane på den nye plata, tittellåten og «Creature Comfort», byr på ein svært så treffande, om kanskje noko overtydeleg, diagnostikk av vår eiga samtid, der ein løpsk, døgnopen konsumkultur regulerer eit umetteleg behov for merksemd. «Every room in my house is filled with shit I couldn’t live without», syng Butler. I «Creature Comfort» stirer sjølvskadande, avmagra ungdom inn i spegelen med sjølvforakt, ventar på «the feedback» og tryglar Gud om å bli «famous».

Desse ytringane kjem frå eit band som har kledd seg i gulldressar, slik Elvis ein gong gjorde, og seinare Bono, under Zoo TV-turneen til U2, då bandet var på sitt skarpaste, tidleg på 1990-talet. På mange måtar er Everything Now og sirkuset rundt, som berre så vidt er i gang, ei oppdatert utgåve av U2s satiriske mediekritikk, tilpassa internettets tidsalder, utført i ein vedvarande performance, der ein form for gigantomani til same tid vert sett i scene og ironisert over, om enn i langt mindre skala.

Menneskeleg varme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement