Arkivet: Buffy Sainte-Marie

Publisert

Ein song kan vere meir effektiv enn ei fire hundre siders bok, seier Buffy Sainte-Marie i eit presseskriv som følgjer ferske Medicine Songs (BSM/Border), ei samling med nye og gamle songar.

Veteranen Sainte-Marie er ein markant politisk orientert artist, og det er interessant å registrere at fleire av songane ho har plukka fram igjen, har ein like skarp resonans no som då dei først kom ut. «Det er som om dramaet er det same», skriv artisten i skrivet, «men skodespelarane på scenen er skifta ut».

Snart ti år har gått sidan artisten framførte «The War Racket» for første gong, men låten – eit hardt åtak på «billionaire bullies» og krigsherrar – kunne dessverre ha vorte skriven i går.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement