Arkivet: Chick Corea

Chick Corea viser kva han er god for i CD-boksen med fire plater.
Chick Corea viser kva han er god for i CD-boksen med fire plater.
Publisert

Seks år etter at pianist Chick Corea feira 70-årsfesten sin i vekevis på klubben Blue Note i New York, er eit utval opptak samla i ein plateboks, The Musician (Concord/Border), ei markant markering av ein av jazzmusikkens mest sentrale musikarar i etterkrigstida, og ikkje minst av fleire av dei viktige samarbeida han har vore involvert i opp gjennom tiåra.

Corea, som vitja Kongsberg Jazz for eit par dagar sidan, figurerte i heile ti ulike bandkonstellasjonar på Blue Note i 2011, og det er ikkje lett å vite kva ein skal peike på i ei slik rik utgiving. På The Musician har ein fått plass til forbløffande mykje på dei nesten fire timane lyttefesten varer. Eg får nemne eit par eigne favorittar: «I Hear A Rhapsody», med det som no er Chick Corea Trio, med Brian Blade på trommer og Christian McBride på bass, er ei sann glede. Det same er «Overture» der Harlem String Quartet får følgje av Gary Burton på vibrafon i eit sprettent stykke kammerjazz.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement