Litt før påske kom Both Sides of the Sky (Sony), det siste albumet i ein trilogi som samlar dei viktigaste uutgitte studioopptaka som fanst i arkivet etter at Jimi Hendrix (1942–1970) gjekk bort så tragisk tidleg.
Dei føregåande platene i serien, Valleys of Neptune (2010) og People, Hell and Angels (2013) fekk mykje merksemd då dei kom ut, og no er turen kommen til eit knippe låtar laga i tidsrommet januar 1968 – februar 1970.
Fokuset i materialet ligg på tilnærminga Hendrix har til bluesuttrykket, og det er artig og fascinerande å lytte til versjonar av låtar som Muddy Waters-klassikaren «Mannish Boy» og Hendrix-gjengangaren «Hear My Train A Comin’» her i ei utgåve frå april 1969. Mellom kuriositetane finst ein versjon av Joni Mitchells «Woodstock», der Stephen Stills er med, månader før Crosby, Stills, Nash & Young gav ut si velkjende tolking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.