Arkivet: Livet på vegen

Publisert

Frå ein sommar med bilturar i det langstrakte landet, tre augneblunkar:

Eg kunne ha valt mang ei fin stund NRK Jazz har gitt meg, men lat oss trekkje fram «Night and Day» i ein forrykande konsertversjon ved Stan Getz og Kenny Barron, ein solheit formiddag i juli, i ein bil nettopp tømd for rask på framifrå effektive Kleivi avfallsmottak. Songar som ramlar inn i den trivielle kvardagen og lyser opp – der har du radio på sitt beste.

Likevel har det aller mest gått i spelelister, stort sett demokratisk fordelte mellom forsetet og baksetet, som ein yngre generasjon (9 og 13) har styrt frå. Akkurat eit år har gått sidan Arcade Fires Everything Now kom ut, men det er likevel plata ingen i bilen ser ut til å gå lei, og då særleg ikkje det stålsterke avslutningspartiet, «Put Your Money on Me» og «We Don’t Deserve Love», som dura ut ein kveld då sola gjekk ned idet vi kom over Hardangervidda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement