Arkivet: Remastered

Robert Johnson i animasjonversjon.
Robert Johnson i animasjonversjon.
Publisert

I desse dagar går Netflix-serien Remastered mot slutten, etter åtte månadlege episodar som har nærma seg sentrale artistar som Bob Marley, Johnny Cash og Sam Cooke. Som musikkdokumentarisme har prosjektet vore retta mot å skrive om historia på ulike måtar, i gravejournalistisk, revisjonistisk ånd, og skaparane bak Remastered, Jeff og Michael Zimbalist, har fått med seg fleire prominente regissørar.

Ein ikkje uvesentleg komponent har vore å røske tak i og kaste nytt lys over etablerte forteljingar og mytar, og aprilutgåva, Devil at the Crossroads (regi: Brian Oakes), er instruktiv i så måte. Der dreier det seg om ein av dei mest robuste mytane i blueshistoria, nemleg den om at den legendariske bluesgitaristen Robert Johnson laga ein avtale med sjølvaste djevelen i eit vegkryss ute på bygda i Mississippi, og kom tilbake frå møtet med eit skummelt, fullrealisert talent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement