Arkivet: Tre jazzfilmar

Forest Whitaker spelte Charlie Parker i filmen frå 1988 som Clint Eastwood regisserte.
Forest Whitaker spelte Charlie Parker i filmen frå 1988 som Clint Eastwood regisserte.
Publisert

Jazzen har funne vegen til lerretet mang ein gong – her er tre favorittar:

Bird (Clint Eastwood, 1988) prøvde å gjere bruk av filmmediet til å lage biografi om Charlie Parker (1920–1955), og var ugløymeleg først og fremst av éin grunn: Forest Whitakers store prestasjon i rolla som jazzsaksofonisten som gjekk bort så tragisk tidleg, etter eit liv prega like mykje av rus som av musikk. Men for ein musikk Parker klarte å lage den korte tida han levde.

Skal ein inn i jazzfilmen for alvor, kjem ein ikkje utanom The Jazz Singer (Alan Crosland, 1927), faktisk den første lydfilmen, med Al Jolson – sjølv om mange vil seie at spelefilmen ikkje eigentleg inneheldt så mykje jazz at det gjorde noko. Han peika likevel på godt og vondt fram mot ein vesentleg del av «jazzfilmane» som seinare skulle komme, og vitna om at «sjangeren» faktisk hadde eit visst kommersielt potensial.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement