Brittanys song
Brittany Howards første soloalbum er ei av dei viktigaste platene i 2019.
«I just don’t want to be back in this place again», heiter det i den aller første lina i «History Repeats», opningssongen på Jaime, det nye albumet til Brittany Howard. Orda gjer krav på konsentrert merksemd. Det dreier seg om ein artist som har noko viktig å melde.
Frå tid til anna kjem det ei plateutgiving som er så mykje meir enn det. Ei kulturell kraft er mobilisert på akkurat rett stad til akkurat rett tid. Jaime er ei slik utgiving, eit album som grip inn i si eiga samtid og vil verke formande for mange av dei som vel å lytte til det.
Frigjering
Howard er nok kjend for somme lesarar som vokalisten i Alabama Shakes, eit band som har vore i stand til å ta vare på soultradisjonen samstundes som dei har utvikla han vidare, steg for steg, med tyngd og integritet. Musikken har kopla generasjonar av lyttarar saman.
Når Howard no gir ut Jaime, skjer det i forlenginga av dette arbeidet, men denne gongen dreier det seg likevel om noko heilt anna. Plata er nærast å forstå som eit identitetspolitisk manifest der låtskrivaren og songaren Howard insisterer på ei frigjering som menneske og artist.
Frigjering frå kva? Jaime ber bod om eit brot, eit stort brot, med dei kreftene som har avgrensa spelerommet til Brittany Howard og snevra inn det ytringsrommet ho no så kraftfullt gjer krav på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.