Då Dylan

Har Bob Dylan nokon gong sunge betre enn då han vart frelst?

Bob Dylan då han spelte i Drammenshallen i 1981. CD-boksen har songar frå den konserten.
Bob Dylan då han spelte i Drammenshallen i 1981. CD-boksen har songar frå den konserten.
Publisert

Den 10. november 1981, for nøyaktig 36 år sidan i dag, leverte Bob Dylan ein av dei beste konsertane sine, i Saenger Theater i New Orleans.

Det meiner i alle fall Paul Williams, i det andre volumet av Bob Dylan: Performing Artist, ein boktrilogi som med utrøytteleg entusiasme nærmar seg smått og stort frå artistens side, med særleg vekt på sceneartisten Dylan.

Eg høyrer til mellom dei som las bøkene på 1990-talet, og fantaserte om konsertane Williams kanoniserte, basert på ein tilgang til uutgitte opptak ein berre kunne drøyme om på den tida. For å finne ut kva det gjekk i, måtte ein prøve å skaffe seg dei dyre piratplatene Williams skreiv om på postordre, fleire av dei med elendig lyd.

Då plateselskapet Columbia til slutt bestemte seg for å byrje å tene pengar på slikt materiale, kom CD-boksen Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991 (1991). Eg var ikkje åleine om mistanken om at den rikhaldige utgivinga berre representerte toppen av eit isfjell, noko Williams også stadfesta i bøkene sine.

Flott lydkvalitet

Tjueseks år seinare er volum 13 av Bootleg Series ute, med tittelen Trouble No More, og vi er komne fram til Dylans såkalla kristne periode, åra som for alvor skapte identitetsproblem for trufaste lyttarar. På studioplatene Slow Train Coming (1979), Saved (1980), og Shot of love (1981) stod artisten fram som frelst og hypp på å evangelisere, ikkje minst på glødande konsertar med framifrå musikarar som Jim Keltner (trommer) og Spooner Oldham (tangentar) i rekkjene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement