Det evige 1980-talet
Josh Rouse har laga ein lyttefest for nostalgikarar.
Når kom denne låten ut? Sjansane er gode for at fleire vil stille spørsmålet når dei høyrer «Love in the Modern Age», tittelsporet på det nye albumet til Josh Rouse, og at somme vil svare: «Tja, midt på 1980-talet ein gong?»
Rouse har nemleg late seg inspirere av ein særskilt popestetikk denne gongen, og han er ganske spesifikk om dette i presseskrivet som følgjer Love in the Modern Age, der fleire namn gir ein indikasjon på kva han strekkjer seg etter: The Blue Nile, Prefab Sprout, Roxy Music-plata Avalon (1982) og Leonard Cohens Various Positions (1984) og I’m Your Man (1988).
Lyttefest
For lesarar som likar desse banda og utgivingane, er Love in the Modern Age ein aldri så liten lyttefest. Berre i tittelsporet kan ein høyre alle referansane nemnde ovanfor. Den spreidde pianoklunkinga og dei analoge synthane minner om songane til The Blue Nile, og dei utgjer ein nedpå, minimalistisk åre i desse nye komposisjonane til Rouse. Den lette koringa og den eksplosive saksofonen peikar i ei anna retning, mot Paddy McAloons låtar både før og etter Prefab Sprout, og Cohens ekspressive, rause åttitalsuttrykk.
Eg har følgt Rouse sidan den fine tredjeplata Under Cold Blue Stars (2002), og eg er ikkje overraska over at han går etter eit særskilt lyduttrykk på denne måten – det gjorde han også med høgdepunkt som 1972 (2003) og Nashville (2005), og også med meir nylege The Embers of Time (2015). Komponisten og artisten er ein klassisk popconnaisseur, ein lyttar som lærer seg triksa og lagar noko eige av det, ein stilist som ser tilbake utan å verte ein blass kopist.
Love in the Modern Age er utstudert utan at det vert maniert. Til og med omslagets blåraude koloritt treffer blink, med miksen av det kjølige og det varme. Albumet er eit slags lydleg essay om ein bestemt popmusikk og minner i alle fall denne lyttaren om kva referansane til Rouse har til felles, og kva som skil dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.