Dolly samlar eit splitta USA
Countrydronninga vil ikkje snakke politikk, men heller synge for alle som vil høyre på.
Ein fersk podkast fortel om ein fascinerande artist og songskrivar Dolly Parton.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
Countrymusikk er tre akkorder og sanninga, blir det sagt i ein dokumentarserie om country, laga av filmskaparen Ken Burns. Serien er framleis tilgjengeleg hos NRK. Sjølvsagt er Dolly Parton, som nylig fylte 74 år, med alt i første episode. For dei som vil ha eit djupdykk i Dollys liv, er podkastserien Dolly Partons America vel verd å høyre på.
Respekt og kritikk
Serien klarer å balansere respekt og audmjukskap overfor hovudpersonen med kritisk distanse og drøfting av hennar liv og karriere. Dessutan skil serien seg ut som framifrå radiohandverk i ei tid då det er mange podkastar, men ikkje like mykje kvalitet.
Mannen bak serien er Jan Abumrad, grunnleggjar av radioprogrammet Radiolab. Abumrad (47) voks opp i heimstaten til Dolly, Tennesse. Han kjende godt til Dolly, men var ikkje nokon stor fan før han blei med på ein stor konsert med henne i Queens i New York City i 2016. Mens den politiske striden bygde seg opp i nasjonen, var ho i stand til å samle eit publikum på tvers av klasse, legning og sosiale skilnader. Ei mangfaldig forsamling som delte ein felles kjærleik for Dolly, og som var høflege mot kvarandre.
Det fascinerte Abumrad. Så ville tilfellet at faren hans, ein libanesisk lege som hadde slått seg ned i Tennesse, fekk Dolly som pasient ei kort tid på grunn av ei bilulykke. Det oppstod venskap mellom lege og pasient, noko Abumrad først ikkje heilt ville tru, sidan faren ikkje var nokon kjendislege. Men etter kvart såg journalisten at dette var ein veg inn til superstjerna.
Jordnær, som ho også er, i tillegg til å vere superstjerne med kontroll over eit imperium av hits, temaparken Dollywood og ymist anna, sa Dolly ja til å la seg intervjue.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.