Finsk jul
Helsinki kammerkor lukkast i å blanda gamalt og nytt.
«Ein finsk julebankett» kallar Helsinki kammerkor julealbumet sitt. Og eit musikalsk festmåltid er det, om enn med mindre søtbakst og svisker enn det som er vanleg i juletida. For sjølv om me kjenner att fleire av dei glade julesongane, som her blir sungne på finsk, er tolkinga deira noko atterhalden og dempa i uttrykket, ja, stundom beint fram melankolsk. Men det plagar ikkje meg; jubelstøy er det nok av på juleplatemarknaden.
Finsk
Repertoaret til det som tidlegare var Finlands kringkastingskor og framleis er einaste heilprofesjonelle kammerkoret i landet, er interessant av fleire grunnar: For det fyrste minner det oss om den felles kristen-musikalske arven me har med grannelandet i nordaust, som er tett knytt til det tyske. Dette gjeld til dømes salmen «Wachet auf, ruft uns die Stimme», som i M.B. Landstads omsetjing heiter «Sions vekter hever røsten» (her på finsk «Synkkä yö maan peitti aivan»). Og «Puer natus in Bethlehem», som me kjenner i Bernt Støylens omsetjing som «Eit barn er født i Betlehem» (her på finsk «Synnytti piltin Bethlehem»). Finnane syng sistnemnde på den spretne, originale 1400-talsmelodien frå Tyskland, ikkje på den hjå oss vanlegaste til L.M. Lindeman, varsamt akkompagnert av organisten Jan Lehtola, som aldri lèt orgelklangen overdøyva det vokale.
Det andre interessante med repertoaret deira er det spesifikt finske, til dømes Christmas Carol, der både tekst og musikk er av den viktige finske komponisten Einojuhani Rautavaara (1928–2016), som var æresmedlem i Helsinki kammerkor.
Sibelius
Mange av nummera blandar gamalt og nytt. Eldst er «Ecce novum gaudium», som er frå den fyrste musikalske publikasjonen i Finland, samlinga Piae cantiones (1582). Kammerkoret gjev oss det fyrste verset i den mellomalderlege originalversjonen, vers to og tre er harmoniserte med klåre, ublanda akkordar av den finske nasjonalkomponisten Jean Sibelius (1865–1957), som her syner seg uvanleg fri for seinromantisk føleri.
Korleis er så klangen deira? Det lydlege fokuset på mellomstemmene (tenor og alt), utan tydeleg soprandominans, gjev eit breitt og mjukt lydbilete. Og så er det er ein særeigen varme i den litt bivrande klangen deira, som med den lette vibratoen minner meir om russiske kor enn den typisk norske, svenske og danske korklangen.