Finurleg runddansmusikk
Gamlebanken spelemannslag har bakgrunn frå kulturskulen i Førde.
Pressefoto
Hardingfeleorkester akkompagnert av gitar og kontrabass, som spelar vals, reinlender og polka, er eit velkjent fenomen for dei fleste som har eit minstemål av kunnskap om norsk tradisjonsmusikk. Ofte går denne musikken under namnet «gamaldans», men det er eit noko misvisande omgrep, då desse danseformene var eit motefenomen under siste halvdel av 1800-talet, og dermed yngre enn eldre danse- og musikkformer som til dømes springar og gangar.
Runddansmusikken (som ifylgje fagterminologien er eit meir presist omgrep) er ofte kjenneteikna av klårt definerte delar, som gjerne vert repeterte og passar inn i føreseielege akkordskjema der ein ofte kan klara seg med tre–fire av dei velkjende og enkle gitargrepa. Det som særmerkjer slåtteutvalet til Gamlebanken spelemannslag, er at dei medvite har valt ut melodiar som skil seg frå den meir konforme – og, ifylgje meir elitistisk orienterte folkemusikarar, keisame – runddansmusikken. Dei har leitt etter slåttar «ingen andre» brukar, særleg etter kjeldene Johanna Eldegard frå Årdal og Anders Kjerland frå Granvin. Og dessutan har leiaren for laget, Synnøve S. Bjørset frå Jølster, komponert tre slåttar som er inspirerte av denne musikken. Det er slåttar som tilsynelatande høyrest ut som tradisjonell runddansmusikk, men som inneheld overraskande detaljar som ekstra takter som bryt med forventa fire- eller åttetaktsperiodar, og gjerne inneheld rytmiske finessar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.