Florence
Juanita Stein har laga «ein ode til Amerikas mørke hjarte».
Du har nok sett kvinna i fotografiet før, men veit kanskje ikkje at namnet hennar var Florence Owens Thompson (1903–1983)?
No har ho fått sin eigen song, ho og det ikoniske biletet Dorothea Lange (1895–1965) tok av henne i 1936, «Migrant Mother». «Florence», opningssporet på Juanita Steins fine, nye album America, står fram som ein mangetydig hyllest til kvinna som kjempa for å fø borna sine, fotografen som dokumenterte kampen, og kvinner verda over som møter uoverstigelege utfordringar i vår eiga tid.
Immigrasjonspolitikk
Vel 80 år etter at Lange fanga armoda i «dei harde trettiåra» i eit bilete av ein fortvila, innbiten erteplukkar, manglar det verken på fattige eller fordrivne menneske, heller ikkje i USA. Det er ikkje mange vekene sidan The New Yorker rapporterte om konsekvensane av Trumps feilslegne immigrasjonspolitikk, som ifølgje retorikken skal ramme kriminelle, gjengar og dopseljarar, men som i realiteten øydelegg livet til mange kvinner som ikkje passar i nokon av desse kategoriane, mellom dei fire mødrer reporter Sarah Stillman fortel om i «The Mothers Being Deported By Trump».
Juanita Steins album nærmar seg på ulike vis variantar av den tynnslitne, men enno mektige, førestillinga om «den amerikanske draumen». America er likevel ikkje først og fremst er eit prosjekt drive fram av sosialt samvit, men snarare av ei interesse for «det amerikanske» som kunstnarleg motiv. I eit presseskriv fortel Stein at ho ville lage «ein ode til Amerikas mørke hjarte».
Høg kvalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.