Folkemusikkpoesi

Ein skyttel full av song representerer noko nytt innan folkemusikkformidling.

Publisert

Folkemusikkpoesi – kva er det? Det første ein tenker på, er tekstane til den vokale folkemusikken, som rommar eit vidt litterært mangfald, frå barneregler, arbeidssong, stev og eldre/nyare viser (inkludert mellomalderballadane) til religiøse tekstar henta frå klassiske salmebøker, så vel som songskatten til lekmannsrørsla.

Men her er det snakk om noko anna: Gruppa Spring du fela, under leiing av felespelar Ljones, har gjeve nolevande lyrikarar i oppdrag å skriva tekstar som er inspirerte av folkemusikk, på ulike vis, og resultatet kallar dei folkemusikkpoesi. Forfattarane er Sigrid Sørumsgård Botheim, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Torbjørn Ljones, Hilde Myklebust og Gaute M. Sortland. Desse lyrikarane har skrive tekstar som er baserte på historiske og/eller mytologiske forteljingar knytte til folkemusikkrelaterte personar som til dømes Sjugurd Garmo og Gjendine Slålien.

Ljones og Granlien har tonesett dikta, medan arrangementa er utarbeidde av musikarane i fellesskap. Stilistisk har dette eit slektskap med tradisjonell folkemusikk som kan merkast gjennom ornamenteringa og klangen i songstemma og felespelet. Elles er det vel så mykje som minner om den akustiske lyden frå 70-talets visebølgje, samt den svenskinspirerte samspelstradisjonen som dominerer mykje av dagens folkemusikk.

Men denne produksjonen er mykje meir enn ei CD-plate. Sjølve plata ligg i ei lomme bak permen på ei vakkert utstyrt bok (vel 90 sider) designa av Anna Prestsæter. Boka rommar informasjonen ein vanlegvis finn i eit fyldig plateomslag, i tillegg til Ingvild Skei Ljones’ fotografi av musikarar og forfattarar, og boka er ytterligare estetisert med heilsides svarte eller blå sider mellom delane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement