Frå «Fandens polsdans» til «Vår fader og Gud»

Samspelet mellom fele og trøorgel er velbalansert både i danseslåttar og stillferdige melodiar.

I Særsvip spelar Britt Elise Skram (t.v.) fele og John Inge Leira Bjøringsøy trøorgel. Anna Liv Skjelten Gjendem dansar.
I Særsvip spelar Britt Elise Skram (t.v.) fele og John Inge Leira Bjøringsøy trøorgel. Anna Liv Skjelten Gjendem dansar.
Publisert

Dette er ei uvanleg plate fordi dei medverkande er ein trio der Britt Elise Skram spelar fele, John Inge Leira Bjøringsøy spelar trøorgel og Anna Liv Skjelten Gjendem dansar. Sistnemnde er ikkje høyrbar, og dette er heller ingen VHS eller DVD, men ei god gamaldags kompaktplate.

Finstemt

Det er gamalt nytt at store deler av folkemusikken er dansemusikk, og det er nyare nytt å laga sceniske framsyningar der musikarar og dansarar samarbeider. Men det fine med denne produksjonen er at musikken står seg godt på eigne bein, utan at lydarane kan sjå dansen som ein gong har vore der – og som atter kan bli der.

Men plata inneheld ikkje berre dansemusikk, som springarar og valsar, men òg salmetonar, bånsullar og kjøkemeisterviser. Og alt dette er framført på finstemt vis: Felespelet er mjukt og kontrollert, men utan å verta stivt. Og trøorgelspelet fungerer godt anten det er tilpassa dansetakten eller dei meir stillferdige melodiane.

Truverdig framført

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement