Fridom og sjølvdisiplin
Truverdig blanding av impulsar frå indisk tradisjonsmusikk og vestleg alternativ musikk.
Torstein Lavik Larsen og Fredrik Rasten er duoen Pip.
Pressefoto
For tida kjem det ut mykje ny musikk som er samansett av element frå ulike stilartar. Ofte er det noko søkt over desse eksperimenta og samanblandingane, og dei er slett ikkje alltid vellukka.
Den norske duoen Pip, som er Torstein Lavik Larsen på trompet, samplar og synth og Fredrik Rasten på gitarar og elektronikk, har òg henta med seg litt av kvart frå den mangfaldige musikalske verda: Improvisasjon er ein viktig arbeidsmetode, men ikkje som i jazz eller rock, der improvisasjonen ofte er virtuos og poserande. Strukturmessig kan dette minna om minimalisme, men er meir flytande og mindre hektisk en den notebaserte minimalismen. Her er mykje som kan minna om Brian Enos ambient, men likevel mykje som gjer at det læt annleis. Her er stillferdig trompet og reinstemte gitarar tydeleg til stades i lydbiletet. Musikken er stillferdig, men ikkje utflytande. Det er stramt komponert, men ikkje strengt og hektisk.
Plata inneheld eitt timelangt spor, innspelt i eitt strekk utan pålegg eller vesentlege endringar. Ved å lyda på denne plata vert ein del av ein musikalsk tilstand der ting endrar seg langsamt utan dramatiske brot. Ein kan nytta slik musikk på ulike vis. Anten kan ein gje seg over til det draumeaktige og søvndyssande, eller ein kan nyta dei små detaljane og langsame endringane, på same måten som når ein ser «sakte-TV» eller byrjar å studera detaljar i eit naturfenomen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.