Friskt og frekt
Kraftfull joik og skamlause ekletisisme verkar forfriskande.
Ellen A. Oskal og Frode Barth blandar mange musikalske stilartar.
Foto: Heilo
Ellen A. Oskal er for mange kjend for å ha vunne Sami Grand Prix, men på denne plata framfører ho berre personjoikar på kraftfullt og tradisjonelt vis, men i selskap med arrangement og komposisjonar av Frode Barth byd plata på eit mangfald av uttrykk.
Barth er ein mangfaldig musikar som har spelt med jazzcelebritetar som Chet Baker og Oscar Peterson. Han har komponert over 400 verk i mange stilartar, men han gjer òg meir kvardagsleg arbeid som å driva gitarskule i Oslo. På denne plata spelar han akustiske og elektriske gitarar og bassar i tillegg til ymse elektronikk. Stilistisk sprikar dette i mange retningar, med skamlaus bruk av element frå pop, rock og verdsmusikk. Det grensar til å vera overprodusert – plata har vore innom seks ulike studio før ho vart komplett.
I tillegg medverkar ei rekke gjestemusikarar frå øvste hylle, som trommeslagar Manu Katché, trompetist Palle Mikkelborg, saksofonist Trygve Seim og Anders Røine, som trakterer ymse norske folkemusikkinstrument.
Denne plata kunne lett ha vorte eit overdimensjonert, glatt og smaklaust stilblandingsprosjekt utan karakter, men det underlege er at blandinga av Oskals kraftfulle og direkte joik og Barths skamlause eklektisisme verkar forfriskande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.