Hardingfelespel frå Numedal

Steingrim Haukjem var den fremste spelemannen i dalen.

Publisert

Numedal høyrer med i det me etter gamalt kallar «hardingfeledistrikt». Det er ikkje det området som har fått mest merksemd, sjølv om det finst både dokumentert historisk spanande materiale der og eit aktivt hardingfelemiljø den dag i dag.

Difor er det gledeleg at støvet har vorte pussa av desse opptaka med Steingrim Haukjem (1897–1968) frå Veggli, som var den fremste spelemannen i dalen i si samtid.

Opptaka vart utførte av Reidar Rauland tidleg i 60-åra og tekne vare på av dottera Ann Brit, som har stilt dei til disposisjon for denne utgjevinga. Det er typiske amatøropptak, med avgrensa frekvensområde og litt brum i nedre mellomtone, men ikkje verre enn at detaljrikdomen i spelet likevel kjem godt fram.

Haukjem lærte mykje spel av eldre sambygdingar, men henta òg inspirasjon og slåttekunne frå andre område, og særleg Tinn i Telemark, der han mellom anna lærte mykje av Knut Dale. Repertoaret er dominert av gangar og springar, men det førekjem òg ein og annan vals og reinlendar.

Plata er utstyrt med eit fyldig teksthefte der Even Tråen, Dagne Groven Myhren og Knut Myrann har skrive fine, personlege tekstar om møte med storspelemannnen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement