Harmoniske folkrocksystrer
Kate og Anna McGarrigle brukte utradisjonelle kombinasjonar i musikken sin.
Systrene Anna og Kate McGarrigle fekk strålande kritikkar for debutplata som kom i 1975.
Foto: mcgarrigles.com
Innspelingane til dei to kanadiske systrene Kate og Anna McGarrigle følgde meg gjennom store delar av oppveksten med si unike klangverd, elegante vokalharmoniar og fengjande folkrocklåtar.
Foreldra mine sette støtt og stadig på ei vinylplate med duoen, og eg minnest særskilt godt at eg i ein alder då musikksmaken gjekk meir i retning rufsete og hardare rockemusikk, faktisk vart litt irritert på det velarrangerte ljodbiletet og dei karakteristiske, engleaktige røystene med uvanleg mykje vibrato.
Eg måtte iallfall godt opp i tjueåra før eg igjen oppdaga og for alvor byrja å setje pris på denne musikken, ein slags eigenarta symbiose av fransk-kanadisk tradisjonsmusikk, bluegrass, pop, gamal R&B, countryblues og folkrock.
Systrene McGarrigle vart fødde i Montreal av foreldre med fransk-kanadisk og irsk bakgrunn. Dei voks opp i utkanten av byen og byrja tidleg og spela gitarar og etter kvart ulike instrument som piano, trekkspel, fløyte, fele og banjo. Dei vart ein sentral del av folkmiljøet i Québec, og etter kvart også ettertrakta låtskrivarar og medspelarar for artistar som Maria Muldauer og Linda Ronstadt.
Europeisk gjennombrot
I 1975 kom den sjølvtitulerte debutplata til strålande kritikkar, særleg i Europa, der dei slo igjennom hjå eit stort publikum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.