I mange retningar
Folkemusikk som er inspirert av heavyrock, jazz og techno.
Knut Erik Sundquist og Nils Anders Mortensen er inspirerte av nordnorsk folkemusikk.
Foto: Rune Johansen
Når musikarar med klassisk bakgrunn vender seg mot folkemusikken, skjer det gjerne ved at dei spelar ulike komponistar sine arrangement av «folketonane». Og kjennarane av folkemusikk har vore ivrige med å påpeika at arrangert folkemusikk er noko anna en ekte folkemusikk.
Pianisten Nils Anders Mortensen står bak arrangementa på plata, og også han fører seg inn i ein tradisjon der folkemelodiane tener som råstoff for nye arrangement/komposisjonar.
Kontrollert
Men medan komponistar som omarbeider folkemusikk, gjerne har halde seg innan éin stil, til dømes «romantikk» eller «modernisme», sprikar Mortensens arrangement i mange retningar. Opningssporet «Havella» er ein temmeleg ordinær vals, «Det var seg den...» er utforma som ein heavyrockballade, «Penelopes klage» vert presentert som ein technolåt, og «Folketone fra Gratangen» kunne vore henta frå duoens store inspirasjonskjelde: Jan Johanson og Georg Riedels klassikar Jazz på svenska. Andersen og Sundquist har, ved sida av ein klassisk karriere, også sysla med jazz. Men her er det likevel den klassiske bakgrunnen som dominerer. Det merkar ein i eit veldig kontrollert spel, og mykje bruk av boge i høgt register på kontrabassen til Sundquist.
Godt utført
I det heile er dette godt utført – på godt og vondt. Spelet er prega av presisjon og overskot, men samstundes er det noko stivt over det. Bruken av stilistiske kontrastar og musikalsk humor er òg eit tviegga sverd: Av og til er det morosamt, men det signaliserer like mykje ironi og distanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.