Jesus, Woody og Ry
Førre veka gjesta gitarlegenden Ry Cooder Notodden.
Ry Cooder har med seg framifrå musikarar på turneen i år. Det var fotoforbod på konserten. Pressefoto
Sam Gendel. Merk deg namnet, for då publikum forlét Ry Cooders konsert på Notodden Bluesfestival, summa det om saksofonisten både høgt og lågt. Ingen hadde høyrt noko som heilt likna før.
Gendel tok fleire av songane i uventa retningar og gjorde kvelden til eit aldri så lite sonisk eventyr. Den eksperimentelle gløden stod seg godt til Cooders trygge og pålitelege soliditet. I det heile har gitaristen sett saman eit fabelaktig band til årets omfattande turné, der ikkje minst vokaltrioen The HamilTones spelar ei sentral rolle – det kan ikkje vere mange gonger det har vore kora så fint på Notodden, eller nokon annan plass, for den del.
Framifrå
Cooder har ikkje gjesta landet sidan 1992, då han kom til Kalvøyafestivalen med bandprosjektet Little Village. Konserten på Notodden Bluesfestival var sommarens einaste i Europa. Det dreidde seg altså om litt av eit skup, og fleire kom langvegs frå for å høyre Cooder og bandet.
Eg vil ikkje tru mange angra på det. Konserten var framifrå. Den einaste utfordringa låg i skvalderet som prega bakre del av salen, rundt sitjetribunen, som diverre fekk området til å høyrast ut som eit øltelt. For festivalen var det nok godt med publikumsrekord denne kvelden, men det var tydeleg at lydnivået på samtalane i rommet fekk Cooder til å kutte inn på den akustiske delen av låtlista si. På sparket bestemte han seg for å droppe «Jesus and Woody», som han har framført åleine med akustisk gitar på nesten alle konsertane så langt i år.
Herleg frekk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.