Klassisk gamaldansmusikk

Av og til er det godt å få servert noko som er tradisjonelt.

Publisert

Runddansen, som vanlegvis ber det noko misvisande namnet «gamaldans» (sidan han er eit nyare fenomen enn til dømes springar og gangar), er populær over heile landet. Dansar som vals, reinlendar og polka er velkjende for dei fleste – også dei som ikkje er spesielt folkemusikkinteresserte. Likevel er det noko spesielt at det kjem ei plate med slik musikk frå Telemark – ein del av landet som i særleg stor grad har stått som representant for den eldre norske bygdekulturen. Og Knut Buen har i ein mannsalder vore ein av våre mest profilert utøvarar av slåttemusikk for hardingfele.

Men på Gamle dansar frå Telemark erdet klassisk gamaldans av beste merke som er i fokus: Melodien ligg for det meste i fela, medan trekkspelet supplerer med parallell- og motstemmer. Bassen ligg stødig på dei tunge slaga, medan gitaren tek seg av etterslaga. Ingenting originalt med det. Me har høyrt det før. Men det er svært solid utført, og av og til vert me overraska av ein og annan asymmetrisk taktperiode, det vil seie at ikkje alt går opp i 4- og 8-taktsperiodar der ein av gamal mistanke veit når neste akkord kjem sjølv om melodien er ukjend. Slikt er forfriskande.

Utøvarane er veteranar i denne musikkforma: I tillegg til Knut Buen (f. 1947) medverkar Rolf Erik Syvertsen (f. 1942) som mange vil kjenna frå NRK, mellom anna i Arnt Haugens populære Husker du?-orkester. Svein Haugen (f. 1945) er mest kjend som solobassist i Oslo filharmoniske orkester. Yngstemann på laget, trekkspelaren Håvard Svendsrud (f. 1974), har brei røynsle frå både klassisk musikk og folkemusikk. Han er dessutan mannen bak plateselskapet Aksent, som i tillegg til ny folkemusikk har gjeve ut mange verdfulle arkivopptak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement