Klokkestøv

Rustin Man følgjer opp fjorårets kritikarroste utgiving.

Albumet til Rustin Man, eller Paul Webb, som er namnet hans, vert lansert 20. mars.
Albumet til Rustin Man, eller Paul Webb, som er namnet hans, vert lansert 20. mars.
Publisert

Ein sjeldan gong dukkar ein neologisme opp i ein tittel og er resonant nok til at ein vert nyfiken på kva som skjuler seg bak nyordet. Kva er eigentleg «klokkestøv»? Ikkje veit eg, men assosiasjonane eg får, passar i alle fall perfekt til musikken eg høyrer når eg lyttar til Clockdust, det nye albumet frå Rustin Man.

Då Mark Hollis gjekk bort for eit års tid sidan, var tidlegare bandkollega i Talk Talk, bassisten Paul Wells, raskt ute med å minnast det han kalla «eit musikalsk geni» i sosiale medium. Tilfellet ville til at Wells, som har laga musikk under artistnamnet Rustin Man, sjølv var plateaktuell med Drift Code akkurat på denne tida.

Då hadde det gått 17 år sidan Wells platedebuterte som Rustin Man, med Out Of Season, som han laga saman med Beth Gibbons (Portishead). «Folk trur det kjekkaste med å gi ut plate er å få ho ut», sa Wells i eit intervju, «men det beste med å lage plater er faktisk det å lage dei.» På Drift Code, som han tok seg god tid med å få slik han ville, spela han alle instrument sjølv.

Kresen kontroll

Når Clockdust no er her, har det berre gått eit år sidan sist Rustin Man var plateaktuell, og grunnen til at det ikkje tok meir tid denne gongen, er enkel: Det nye albumet inneheld materiale frå dei same opptaka som Drift Code gjorde.

Det dreier seg likevel om to ulike songkrinsar, utvikla parallelt. Komposisjonane på Drift Code komponerte Wells med ein elektrisk gitar i hendene, og vidareutvikla dei lagvis, med arrangement som gjorde dei ganske tettpakka lydleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement