Musikk
Komplekst
Henry Threadgill og Wadada Leo Smith skriv svingande samtidsmusikk for ei ny tid.
Henry Threadgill.
Foto: PI Recordings
Eg skriv denne gongen om to utøvarar og komponistar som er særskilt utfordrande å skriva om. Både fordi dei er komplekse musikarar og fordi dei har så lange, omfattande og kontrastrike karrierar at det er vanskeleg å rettferdiggjere ein såpass kort tekst om nokon som eigentleg skulle hatt kvar si avhandling. Ein annan ting er at dei båe har enorme produksjonar over mange år, med musikk i konstant utvikling, som ein treng å høyre om att og om att for å få eit oversyn over. Det er artistar som ein ikkje på nokon måte vil setje i bås musikalsk sett.
Men eg vel likevel å gjere dette til ein felles tekst om Henry Threadgill og Wadada Leo Smith, fordi dei kjem frå same miljø i Chicago, er gode vener og kollegaer, har spelt og arbeidd saman sidan 1960-talet og er sjangerknusande komponistar som har kledd amerikansk jazz og samtidsmusikk i ny drakt. Ikkje minst tykkjer eg at fleire bør verte kjende med musikken deira.
Kringsett av blues
Wadada Leo Smith (f. 1941) er trompetist, opphavleg frå Leland i Mississippi, og han starta den musikalske karrieren kringsett av bluesmusikk. Han flytta seinare til Chicago, der han på 1960-talet vart medlem av det vidgjetne improvisasjonsfellesskapet AACM (Advancement of Creative Musicians) og trefte saksofonist og fløytist Henry Threadgill (f. 1944), oppvaksen på sørsida av byen. AACM var òg ein ynda stad for andre kjende jazzlegender, som trommemeisteren Jack DeJohnette og den stilskapande saksofonisten Roscoe Mitchell frå Art Ensemble of Chicago.
Threadgill og Smith starta eigne musikalske prosjekt i ulike former og ensemble, for å vidareføre arven etter dei to store frijazzpionerane Ornette Coleman og Don Cherry.
Ulike jazzgrupper
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.