Kontroll og eleganse
Gamaldansmusikk som grensar opp mot kunstmusikken.
Mannen bak plateselskapet Aksent, Håvard Svendsrud, held trufast fram med å gje ut gull frå arkiva. Denne gongen gjeld det NRK-opptak frå 1986 og 1990 med gamaldansmusikk av komponistane Anders Sørensen (1821–1896) og Ole Rønning (1907–1993).
Musikken ein nyttar når det skal dansast vals, reinlendar og liknande, kan vera så mangt: frå solistisk felespel som stilmessig kan ligga nær opp til det eldre slåttespelet, via mindre grupper (der ein gjerne skil mellom melodi og komp), til større ensemble der stemmene er arrangerte og utskrivne på notar.
Det me får høyra på denne plata, er den typen gamaldansmusikk som grensar opp mot kunstmusikken. Trekkspelaren Anders Grøthe (f. 1944) står sentralt som solist i alle dei 19 komposisjonane han har arrangert for ensemble av ulik storleik (mellom anna med medlemer frå Kringkastingsorkesteret), men oftast medverkar to trekkspel, varierande tal strykarar, klarinett og gitar/bass. Jamvel vibrafon vert nytta av og til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.