Kraftsentrumet Mavis Staples
Mavis Staples og Jeff Tweedy har laga Trump-periodens sterkaste protestalbum så langt.
Mavis Staples byr på rå vokal til Jeff Tweedys gitar.
Pressefoto
Her er If All I Was Was Black, eit album som dirrar av uro, engasjement og livsglød, frå 78 år gamle Mavis Staples – ei av dette plateårets mest vitale utgivingar, ei hardtslåande samling songar som uunngåeleg er ein spissa politisk kommentar og ei oppmoding om å verdsetje det menneskelege i oss sjølve og kvarandre.
Sjeldan høyrer ein eit album så poengtert i samspelet mellom ord og tone. «Try Harder» er ein orkan av fortviling og sinne, med ein raspa og rå vokal frå Staples, og ein gitar som læt både rufsete og vilter i hendene til Jeff Tweedy. Heile rommet vert stille når songen munnar ut.
Utvitydig kommentar
Det er tredje gongen Tweedy stiller som produsent, musikar og komponist på ei Mavis Staples-plate, men på If All I Was Was Black har han skrive og komponert alt. Staples og Tweedy ønskte å gå krast og uredd inn i si eiga tid, dei ville levere ein utvitydig kommentar til Trumps visjon for kva USA er og skal vere.
Staples’ første møte med Wilco-sjef Tweedy er skildra fint i musikkskribent Greg Kots bok I’ll Take You There: Mavis Staples, the Staple Singers, and the Music That Shaped the Civil Rights Era (2014). Begge bur i Chicago og hadde i 2008 ein avtale om å treffest på ein restaurant ikkje langt frå heimen til Staples for å vurdere eit samarbeid.
Tweedy punkterte på vegen og vart kraftig forsinka. Sveitt og forfjamsa, og ute av seg av nervøsitet, kom rockestjerna med ei lang rekke unnskyldningar til «Ms. Staples», og det heile enda i ein tre timar lang samtale der dei to kom tett på kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.