Ljos og mørke
Helga Myhr søker mot meir kontemplative uttrykk.
Helga Myhr er kvedar og hardingfelespelar.
Pressefoto
Dette er den første soloplata til hardingfelespelaren og kvedaren Helga Myhr. Frå før vil mange kjenna henne frå Kvedarkvintetten. Men her står ho fram åleine, i veksling mellom finsleg framførte viser og religiøse folketonar og meir eksperimenterande instrumentalparti der ho, tydeleg inspirert av minimalisme og annan samtidsmusikk, byr på overtonebaserte klangflater og rytmiske slag mot gripebrettet. Dessutan syng ho samstundes som ho spelar fele. Ofte smeltar dette veldig godt saman, men av og til merkar ein at spelet spriker litt i forhold til stemninga i songtekstane. Men likevel: Det er oppløftande at nokon vidarefører denne framføringspraksisen.
Fornying
Ho er ikkje berre forvaltar av tradisjonell song, frå heimtraktene i Hallingdal, men representerer òg ein type fornying av slåttemusikken der mellom anna Nils Økland, Ole Henrik Moe, Erlend Apneseth, Anne Hytta, Rasmus Kjorstad og Hans P. Kjorstad har tilført mykje. Sistnemnde er òg mannen bak det relativt nystarta plateselskapet Motvind Records. Dei tidlegare utgjevingane har vore dominerte av improvisasjonsmusikk, noko som òg finst på denne plata. Men samstundes lovar selskapet nye utgjevingar i same lei, i og med at denne plata er den første i serien «Perspektiv på norsk folkemusikk no. 1».
Himmel og helvete
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.