Lovano overraskar
Marilyn Crispell spelar med ein sjeldan autoritet.
Joe Lovano (t.h.) då han spelte saman med Nathan East på Grammy-utdelinga i 2015. I mai spelar han med Trio Tapestry i Oslo.
Foto: John Shearer / AP / NTB scanpix
Jazz
Joe
Lovano:
Trio Tapestry
Joe Lovano, tenorsaks, tárogató og gongar; Marilyn Crispell, piano; Carmen Castaldi, trommer og perkusjon.
ECM 2615
Det vekte oppsikt då Art Ensemble of Chicago i 1978 gav ut Nice Guys på ECM. Bandet var det minst ECMske som tenkjast kunne. Joe Lovano har ei historie som medmusikant på mang ei innspeling på det tyske merket, men Trio Tapestry er faktisk den første innspelinga i eige namn for Manfred Eicher. Lovano har nemleg heilt sidan 1991 vore ein trugen Blue Note-artist.
Nye sider
Ein skal ikkje gjera dette poenget større enn det er, men Joe Lovano viser her sider ved seg som ein ikkje har høyrt mykje til før, men det kjem i stor grad av samarbeidet med pianisten Marilyn Crispell. Også Carmen Castaldi, som Lovano har samarbeidd med før, tilfører musikken ein klangleg dimensjon som ikkje er det eg først og fremst assosierer med Lovano. Sjølv om det er ei atypisk Lovano-innspeling, er musikken likevel fascinerande på sitt melankolske vis, og undervegs avslører Lovano seg – på fordelaktig vis.
Lysande augneblink
Alle elleve låtane er skrivne av Lovano, men i slike musikalske møte blir magien oftast skapt når ensemble omarbeider utgangspunktet. Ein slik lysande augneblink er «Rare Beauty» der dei skiftevis står fremst i lydbiletet, og komposisjonen får ny farge og karakter. Den mektige pianoklangen og det harmoniske fundamentet til Crispell får fram dei friaste assosiasjonane hjå Lovano. I sitt 67. år er det fint å kunna overraska seg sjølv og fansen.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Joe
Lovano:
Trio Tapestry
Joe Lovano, tenorsaks, tárogató og gongar; Marilyn Crispell, piano; Carmen Castaldi, trommer og perkusjon.
ECM 2615
Det vekte oppsikt då Art Ensemble of Chicago i 1978 gav ut Nice Guys på ECM. Bandet var det minst ECMske som tenkjast kunne. Joe Lovano har ei historie som medmusikant på mang ei innspeling på det tyske merket, men Trio Tapestry er faktisk den første innspelinga i eige namn for Manfred Eicher. Lovano har nemleg heilt sidan 1991 vore ein trugen Blue Note-artist.
Nye sider
Ein skal ikkje gjera dette poenget større enn det er, men Joe Lovano viser her sider ved seg som ein ikkje har høyrt mykje til før, men det kjem i stor grad av samarbeidet med pianisten Marilyn Crispell. Også Carmen Castaldi, som Lovano har samarbeidd med før, tilfører musikken ein klangleg dimensjon som ikkje er det eg først og fremst assosierer med Lovano. Sjølv om det er ei atypisk Lovano-innspeling, er musikken likevel fascinerande på sitt melankolske vis, og undervegs avslører Lovano seg – på fordelaktig vis.
Lysande augneblink
Alle elleve låtane er skrivne av Lovano, men i slike musikalske møte blir magien oftast skapt når ensemble omarbeider utgangspunktet. Ein slik lysande augneblink er «Rare Beauty» der dei skiftevis står fremst i lydbiletet, og komposisjonen får ny farge og karakter. Den mektige pianoklangen og det harmoniske fundamentet til Crispell får fram dei friaste assosiasjonane hjå Lovano. I sitt 67. år er det fint å kunna overraska seg sjølv og fansen.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Fleire artiklar
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.