Måtehald og eleganse
Tekst og songstemme er viktigast i musikken til Asbjørn Ribe.
Asbjørn Ribe er både minimalistisk og humoristisk på tredje plate under eige namn.
Foto: Julia Nagelstad
Asbjørn Ribe har i mange år sysla med engelskspråkleg pop/rock, mellom anna som medlem av Number Seven Deli og Jim Stärk. Men dei siste ti åra har han sunge på norsk, og dette er hans tredje plate under eige namn.
Tematikken dreier seg rundt det nære og kvardagslege, som mellommenneskelege relasjonar og det daglege strevet med å leva eit vanleg liv utan at det vert kaotisk. Velkjend tematikk. Men det som skil tekstane til Ribe frå den store mengda av rimsmedar som tykkjer synd i seg sjølv, er det språklege måtehaldet. Han nyttar ikkje fleire ord enn høgst nødvendig; «Blått og grønt og gult er fargene/ Jeg trenger for å tegne dagene». Men av og til er han dristigare: «Skal jeg korsfestes vil jeg henge/ Med god utsikt på en topp/ Men her er flatt og ingen høyder/ Så jeg må jobbe hardt før jeg kan spennes opp. Jeg må bære stein.»
Naivistisk
Det er noko minimalistisk og naivistisk over framføringane hans. Songen er temmeleg «rett fram», utan artistiske verkemiddel, og han syng jamvel småsurt av og til, utan at det – som det meste av dagens vokalproduksjon – er retusjert ved hjelp av autotune. Eg mistenker jamvel Ribe for å varsamt overdriva dette, som eit musikalsk verkemiddel som gjer lydaren tillitsfull og open.
For Ribe er ikkje berre poet og songar. Medan dei fleste visesongarar held eit godt grep om gitaren og byggjer opp songane rundt nokre trygge og velkjende grep, er det pianoet som er instrumentet til Ribe. Songane er ofte bygde opp rundt nokre få akkordar som vert repeterte, men nyansar i instrumentering og koring gjer at det likevel vert dynamisk.
Humoristisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.