Pop og politikk

Tune-Yards lagar kompleks, men fengande popmusikk.

Strekkjer Merill Garbus ut hendene eller skjermar ho seg mot verda?
Strekkjer Merill Garbus ut hendene eller skjermar ho seg mot verda?
Publisert

Omslaget til I Can Feel You Creep Into My Private Life, den fjerde plata frå Tune-Yards, er suggestivt tvitydig. Frontfigur Merrill Garbus strekkjer ut hendene, men er det for å oppnå kontakt, eller for å skjerme seg?

Albumtittelen peikar mot den siste forklaringa, men dei tolv songane på albumet rommar begge desse gestane: Dei har til same tid noko inviterande og konfronterande ved seg, ein dobbel estetikk, der pop og politikk smeltar saman på uvanleg effektivt vis.

Herleg svev

I botnen av det fengande, dansbare opningssporet «Heart Attack» – eit av dei store høgdepunkta på plata – ligg ein liten pianofigur og hintar om atonalitet, til same tid som Garbus lèt røysta si løfte seg over dei aller høgaste hustaka. Det er eit herleg svev, men så er det denne piggtråden av ein gitar som slår sprekker i alt midtvegs, før vokalen legg seg i eit spist, kviskrande toneleie. «I’m only human», heiter det, over spinkle strykarar, og etterpå, i verselinene som snart følgjer: «Let me speak, let me breathe».

Denne kompleksiteten kjenneteiknar I Can Feel You Creep Into My Private Life, som ofte viser ei ukonvensjonell tilnærming til kva populærmusikk kan vere, både komposisjonelt og konseptuelt. Sentralt står Garbus’ markante politiske interesser, ei feministisk orientering i stadig utvikling og ein lengt etter å skape ein musikk som seier noko viktig, på nye, overraskande måtar.

Estetisk og teatralsk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement