Resirkulert eksotisme
BIT20 møter improvisatorane Jørgen Træen og Kjetil Møster.
Øyvind Torvund tek med element frå tidleg elektronisk musikk, som Stockhausen.
Foto: Dimitri Dauric
Lytt til artikkelen:
Samtidsmusikk
Øyvind Torvund:
The Exotica Album
BIT20 ENSEMBLE, TROND MADSEN (DIR.), KJETIL MØSTER (TENORSAX), JØRGEN TRÆEN (MODULAR SYNTH) Hubro
Noko som kjenneteiknar komposisjonane til Øyvind Torvund (f. 1976), er kombinasjonen av konvensjonelt strukturert og notert samtidsmusikk med overraskande element henta frå andre stilartar som rock og underhaldningsmusikk. Eller han trekker inn element frå lydverda i eldre elektroniske spel og norsk slåttemusikk, som i Willibald Motor Landscape.
Denne gongen lèt han det akustisk baserte samtidsensemblet BIT20 møta improvisatorane Jørgen Træen, som står for det elektroniske innslaget i verket, og Kjetil Møster som – i motsetnad til sin meir typiske kombinasjon av moderne jazz og rocka energi – slår til med langsame, smektande melodilinjer.
Fuglesong
Frå tid til anna har vestlege komponistar late seg inspirera av «eksotisk» musikk. Det gjeld både romantikarar, impresjonistar og modernistar. Men den forma for eksotika Torvund spelar på her, er ei grein av underhaldningsmusikken som vart populær i USA i 50- og 60-åra, med komponistar som Les Baxter og Martin Denny i spissen. Det som kjenneteikna stilen, var kombinasjonen av strykeorkester og storband med «eksotiske» instrument (særleg slagverk) frå stillehavsområdet og Orienten. I tillegg førekom imitasjonar av naturlydar (særleg fuglesong) som skulle skapa ein illusjon av jungel og tropelandskap. I 90-åra vart stilen revitalisert som ein del av fenomenet «loungemusikk».
Men Torvund nøyer seg ikkje med å resirkulera ein allereie resirkulert eksotisme. Han inkluderer også element som illuderer den tidlege elektroniske musikken (t.d. Stockhausen).
Fruktcoctail
Å lesa om denne merkverdige samanblandinga av den lettaste «light music», naturlydar, streng samtidsmusikk og improvisert elektronikk og støy kan lett gje inntrykk av ein musikalsk fruktcocktail av det meir tilfeldige slaget, men det som slår ein etter å ha høyrt dette, er at alt heng nøye saman. Satsane, som varer mellom halvtanna og fem minutt, er stramt strukturerte, og dei musikalske ideane står tydeleg fram utan å verta tværa ut.
Torvund har atter vist at han er ein av våre mest særprega samtidskomponistar.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.