Resirkulert eksotisme

BIT20 møter improvisatorane Jørgen Træen og Kjetil Møster.

Øyvind Torvund tek med element frå tidleg elektronisk musikk, som Stockhausen.
Øyvind Torvund tek med element frå tidleg elektronisk musikk, som Stockhausen.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Noko som kjenneteiknar komposisjonane til Øyvind Torvund (f. 1976), er kombinasjonen av konvensjonelt strukturert og notert samtidsmusikk med overraskande element henta frå andre stilartar som rock og underhaldningsmusikk. Eller han trekker inn element frå lydverda i eldre elektroniske spel og norsk slåttemusikk, som i Willibald Motor Landscape.

Denne gongen lèt han det akustisk baserte samtidsensemblet BIT20 møta improvisatorane Jørgen Træen, som står for det elektroniske innslaget i verket, og Kjetil Møster som – i motsetnad til sin meir typiske kombinasjon av moderne jazz og rocka energi – slår til med langsame, smektande melodilinjer.

Fuglesong

Frå tid til anna har vestlege komponistar late seg inspirera av «eksotisk» musikk. Det gjeld både romantikarar, impresjonistar og modernistar. Men den forma for eksotika Torvund spelar på her, er ei grein av underhaldningsmusikken som vart populær i USA i 50- og 60-åra, med komponistar som Les Baxter og Martin Denny i spissen. Det som kjenneteikna stilen, var kombinasjonen av strykeorkester og storband med «eksotiske» instrument (særleg slagverk) frå stillehavsområdet og Orienten. I tillegg førekom imitasjonar av naturlydar (særleg fuglesong) som skulle skapa ein illusjon av jungel og tropelandskap. I 90-åra vart stilen revitalisert som ein del av fenomenet «loungemusikk».

Men Torvund nøyer seg ikkje med å resirkulera ein allereie resirkulert eksotisme. Han inkluderer også element som illuderer den tidlege elektroniske musikken (t.d. Stockhausen).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement