Samisk pop frå Oslo
Kajsa Balto plasserer seg i eit samisk verdsbilete, men er tydeleg påverka av pop.
Kajsa Balto står i spissen for eit kollektivt musikkprosjekt.
Pressefoto
Dette er den andre plata til den Oslo-baserte samiske vokalisten Kajsa Balto. I tillegg til det faste bandet medverkar ei rekke arrangørar, komponistar og tekstforfattarar, noko som gjer at dette er som eit kollektivt prosjekt, sjølv om det heile er bygd opp rundt stemma til Balto.
Personjoikar frå Baltos eigen familie er det melodiske og tekstlege utgangspunktet, og ho plasserer seg ytterlegare innafor eit samisk verdsbilete ved å velja ein platetittel som tyder «alt lever». Men medan prosjektet knyter seg til samisk tradisjon og kultur på eit tekstleg og ideologisk plan, er både stemmebruk og frasering tydeleg påverka av pop. Det same gjeld instrumenteringa, men akustiske instrument som cello og perkusjon er heile tida tydeleg til stades i lydbiletet og gjer at musikken høyrer meir heime i den alternative popen enn i den kommersielle popen. Gitarspelet til David A. Sjølie er òg nyansert, anten han spelar akustisk eller elektrisk. I det heile er arrangementa og produksjonen luftig, og dei ulike elementa går ikkje i vegen for kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.