Skrifta på ve ggen

Joe Henry lèt seg inspirere av poesien.

Joe Henry har ein eigen musikkfilosofi.
Joe Henry har ein eigen musikkfilosofi.
Publisert

Heile den menneskelege eksistensen sirklar rundt vår eiga tidsforståing, og det stort sett utan at vi tenkjer over det. Vi fell inn i rytmen som er livet. Dagane følgjer kvarandre og vert til veker, månader og år, heilt til det er over, eller noko uventa skjer.

Berre tidvis stoppar vi opp og vert fylte av undring og avmakt over det heile. I fleire av songane på det fjortande albumet Thrum inviterer Joe Henry til ein slik tenkjepause.

Det dreier seg om ein artist som er i stand til å lage stemningar og forteljingar som tek vare på det minste sekundet, og samstundes på tiåra som rullar av garde og gjer meir og meir framtid til fortid. Om framtida heiter det, i nøkkelsporet «Blood of the Forgotten Song», at ho er skriven «on the walls of the past in the blood of the forgotten song». Tygg på den.

Poesi

Eksistensiell americana, vil somme Henry-lyttarar nikke, men artisten sjølv har i samband med Thrum sagt at han denne gongen i vel så stor grad orienterer seg mot poesien: Han namngir Rilke, Whitman, Rimbaud og Rumi og dei tidlegaste musikalske impulsane som Bob Dylan, Louis Armstrong, Ray Charles, Duke Ellington, Randy Newman og Johnny Cash.

I diktinga finst ei røyst som kan leve fullt og heilt, vel vitande om at alt har ein ende, seier Henry, som vil verne om det uregjerlege, det ikkje-konforme. Første gongen eg høyrde artisten, var med Scar (2001), der han løfta fram jazzsaksofonisten Ornette Coleman og komikaren Richard Pryor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement