Skuleflink folkesong

Songstemma til Kirsti Bakken Kristiansen er det einaste instrumentet på det første soloalbumet hennar.

Kirsti Bakken Kristiansen tek utgangspunkt i folkemusikk frå Gjøvik og Vardal.
Kirsti Bakken Kristiansen tek utgangspunkt i folkemusikk frå Gjøvik og Vardal.
Publisert

Når ein høyrer eldre arkivopptak av folkesong, er det ofte noko upolert og spontant over det, anten det dreier seg om barnesong, kulokk, salmar eller viser. Gradvis gjekk folkesongen over frå å vera funksjonell song i kvardag og høgtid til å verta symbol for nasjonalkultur, ein del av kappleikssystemet, og i dag er folkesong, eller kveding, som somme kallar det, ein fullverdig del av det institusjonaliserte musikklivet. Det er ei kunstform på linje med andre, og det finst ei rekke utdanningsinstitusjonar der ein kan studera folkesong.

På si første soloplate demonstrerer Kirsti Bakken Kristiansen tydeleg at ho er ein del av den profesjonaliserte forma for folkesong. Ein høyrer at ho er svært nøye med små detaljar i tekstuttale, som å lata konsonantar klinga og å vera presis i ornamentikken. Men sjølv om dette framstår som kontrollert og disiplinert synging, er det heile tida avspent og dermed tillitvekkande.

Kristiansen kjem frå Gjøvik, og repertoaret er knytt til heimtraktene hennar, sjølv om mange songar òg er kjende andre stader i landet. Her er viser, salmar og bånsullar, og alt dette vert framført i ei felles, roleg grunnstemning, med liten bruk av dynamikk og dramatiske utbrot. Det er ideen om folkesong som gjer dette til eit heile, sjølv om tekstane sprikar i mange retningar, frå det småfrekke og leikne til det fromme og gudfryktige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement