Slukt heil
To album som byr på gamle og nye songar frå dei nordamerikanske fjella.
Rock
Kanskje Cumberland-passet berre sluker deg heil, spekulerer gruvearbeidarsonen og forteljaren i «Cumberland Gap», andresporet på Jason Isbells flotte The Nashville Sound: «Maybe the Cumberland gap just swallows you whole.»
Der delstatane Kentucky, Virginia og Tennessee møtest, finn du Cumberlandfjella, i Appalachane, det gigantiske komplekset av fjellkjeder som har slik ein sentral plass på det nordamerikanske kartet – du kan følgje det frå Newfoundland til hjartet av sørstatane i Alabama.
Området har vore ein sentral historisk arena, før og gjennom borgarkrigen (1861–1865) og fram til i dag. Her finst det stiar og vegar som er godt nedtrakka, og godt mytologiserte også: Gjennom det smale passet Cumberland Gap vandra indianarane, og deretter dei såkalla pionerane, inntrengarar som tenkte på seg sjølve som busetjarar i «ville vesten».
Rik musikktradisjon
Appalachane er også kjende for ein rik musikktradisjon. Somme vil kanskje ha høyrt Woody Guthrie synge ein gammal folketone kalla «Cumberland Gap». Når Isbell zoomar inn same område sytti år seinare, er det andre lagnader han vil peike på. I den harmdirrande songen hans er det den djupaste desperasjonen som gjer seg gjeldande, den som tilhøyrer eit menneske som fôrar seg på pillar og sprit, i keisemd og nederlag. Isbell kidnappar eit topos og gjer om på det – «Cumberland Gap» endar opp med å verte eitt av fleire diagnostiske nedslag på The Nashville Sound som sirklar inn Trumps USA og forgreiningane dette har bakover tiåra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.